INNLEGG
«Er det kundeutbytte som skal redde sparebankane?»
Samspar-bankene tar til orde for å endre på kundeutbytte-ordningen, blant annet fordi de mener ordningen fører til økt press på konsolidering.
![Hanne Nordgaard, CEO Sparebank 1 Helgeland, Trond Teigene, CEO Sparebank 1 Sogn og Fjordane og Bjørn Rune Rindal, CEO Sparebank 1 Ringerike Hadeland er blant Samsparebankene som reagerer.](https://image.bankshift.no/368043.webp?imageId=368043&width=960&height=548&format=jpg)
Dette innlegget ble ført publisert i DN 18. desember og er også sendt til BankShift. Innlegget er en kommentar til et debattinnlegg DN publiserte 8. desember, med tittelen «Hvorfor sette sparebankmodellen i spill».
Etter at sparebankutvalet kom med sin NOU 2022:24 den 18. november har det vore skrive mykje om utvalet sin rapport, og særleg utvalet sitt forslag om å ta vekk moglegheita for å gi kundeutbytte som ein del av årsoppgjersdisposisjonane.
Fleire av dei sju bankane som har ei etablert ordning med kundeutbytte, har vore særs aktive i etterkant. Det har vi full forståing for. Kundeutbytte er eit effektivt og godt verkemiddel i konkurransen om kundane. Vi er blant sparebankane som ikkje har kundeutbytte, og møter dagleg kundeutbytte i konkurransen om enkeltkundar.
I behovet for å kjempe saka si, undrar vi oss over at bankar med kundeutbytte gjer seg til talspersonar for heile sparebanksektoren, eksempelvis i lesarinnlegget «Hvorfor sette sparebankmodellen i spill» i DN søndag 8. desember.
Vi ønsker å nyansere bildet noko.
Utvikling går i retning av økende andel kundeutbytte
For det første er bruken av tal i lesarinnlegget selektiv. Å samanlikne gåvebeløpet utbetalt i 2009 med gåvebeløpet i 2023 framstår som lite relevant. Meir relevant er det å nemne at dei 7 sparebankane som delte ut kundeutbytte i 2024 delte ut 2 milliardar i kundeutbytte og om lag 500 millionar kroner i gåver. Om lag 4 gongar så høgt kundeutbytte som gåvebeløp med andre ord.
Utviklinga i desse bankane sidan kundeutbytte vart etablert har ei klar retning i auka andel til kundeutbytte, og tilsvarande redusert andel til allmennytte. Til dei som ikkje kjenner sparebankregelverket inngåande: dette er pengar som går av den same potten, nemleg av den delen av overskotet som tilhøyrer det samfunnseigde grunnfondet.
Neste år vil det vere 9 bankar som delar ut kundeutbytte, og fleire har varsla at dei vurderer å følge etter om regelverket ikkje blir endra. Med kraftfulle bankar med nasjonal vekststrategi og kundeutbytte som ein vesentleg differensiator, kan kundeutbytte tvinge seg fram hos svært mange sparebankar som nødvendig for å møte konkurransesituasjonen, og for å utnytte skatteincentiva som ligg i modellen.
Samfunnsrollen er sentral
Rundt 80 sparebankar og 45 sparebankstiftingar bidrog i 2023 med om lag 4 milliardar i gåver til allmennyttige formål. Dei 7 sparebankane som per i dag har kundeutbytte betalte altså til samanlikning aleine ut 2 milliardar i kundeutbytte i 2024.
Pengane kjem av same pott og dersom kundeutbytte tvingar seg fram i stadig fleire sparebankar, vil forholdstalet raskt endre seg i retning av auka kundeutbytte. Det vil føre til ein dramatisk reduksjon av samfunnsrolla til sparebankane. Ei samfunnsrolle som har vore ein sentral del av alle sparebankar sitt DNA gjennom 200 år, i motsetnad til kundeutbytte for dei få, som først vart tatt i bruk i 2016.
Kundeutbytte kan føre til økt konsolidering
Det er heller ikkje slik at alle sparebankar kan ta i bruk kundeutbytte slik ordninga fungerer i dag. For sparebankane som er forhindra å ta i bruk kundeutbytte, kan kundeutbytte bli så kraftfullt og konkurransevridande innad i sparebanksektoren, at det kan legge press i retning av auka konsolidering, som er noko av det kundeutbyttebankane argumenterer for at dei ønsker å unngå.
Kundeutbytte gjer også konkurransesituasjonen mindre transparent, fordi det er vanskeleg for kundane å forstå kva pris dei faktisk betalar.
Vi ønsker også ein sterk og mangfaldig sparebanksektor. Vi ønsker oss levande byar og bygder med stort mangfald av lag og organisasjonar som skapar trivsel, aktivitet og bulyst. Kundeutbytte kan over tid true den allmennyttige verksemda som spring ut av sparebankane, og dermed kan eit viktig særpreg med den distriktsbaserte sparebanksektoren forvitre.
Vi støttar derfor sparebankutvalet sitt forslag om å fjerne moglegheita for utbetaling av kundeutbytte som ein andel av lokalsamfunnet sitt overskot. Det vil framleis vere mogleg for bankane å betale ut kundeutbytte, men då som ein del av dei ordinære driftskostnadane i bankane.